Nahum 3:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Er du betre enn No-Amon,som låg ved Nilen, ¬med vatn ikring,som hadde hav ¬til festningsvollog vatn til mur?

9. Byen fekk sin store styrkefrå Nubia og Egypt.Put og Libya kom han ¬til hjelp.

10. Folket der ¬vart likevel bortført,det laut fara i fangenskap.Jamvel småborna deira ¬vart knustepå alle gatehjørne.Om adelsmenn ¬vart det kasta lodd,og alle stormenn ¬vart lagde i lekkjer.

11. Du òg skal verta drukkenog gå frå sans og samling.Du òg må søkja vern ¬mot fienden.

12. Alle dine festningarer som fikentre ¬med tidlegfrukt.Ved minste risting ¬dett dei nedi munnen på den som vil eta.

13. Sjå, ditt krigsfolk ¬er som kvinner.Portane i landet dittstår vidopne for fienden.Eld har øydt ¬dine portbommar.

14. Aus opp vatn ¬før du vert kringsett,set borgene i stand!Trakka gjørme, stampa leire,ta mursteinsforma fram!

15. Du skal øydast av eld,sverdet skal rydja deg ut,liksom grashoppelarva ¬eta deg opp.Vert mange ¬som grashoppelarver,tallause ¬som ein grashoppesverm!

Nahum 3