Nahum 3:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve den blodige byen!Han er full av lygn og vald,aldri held han opp å røva.

2. Høyr svepesmell ¬og ramling av hjul,hestar i tvisprang ¬og slingrande vogner,

3. ryttarar som stormar fram.Lynande sverd ¬og blinkande spyd,mengder av drepne, ¬haugar av lik,ingen ende på falne kroppar– ein snåvar i lik.

4. Og dette henderpå grunn av all den utukt ¬ho dreiv,den fagre ¬og trollkunnige skjøkja.Ho gjorde folkeslag til trælar ¬med si utuktog trælbatt heile ætter ¬med si trolldomskunst.

5. Sjå, eg kjem over deg,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.Eg lyfter stakken opp ¬for ditt andletog viser folka din nakenskapog rika di skam.

6. Eg kastar skit på deg,vanærar deg ¬og syner deg fram.

7. Alle som ser deg, ¬skal røma frå degog seia: «Ninive er herja,kven har medkjensle ¬med henne?»Kvar skal eg leitaetter trøystarar til deg?

Nahum 3