5. Tru ikkje på frenden din,set ikkje lit til venen din!Vakta munnen ¬for henne du tek i famn!
6. For ein son vanvørder far sin,ei dotter set seg opp ¬mot mor si,ei sonekone mot vermor si.Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.
7. Men eg vil speida etter Herren,venta på Gud som frelser meg.Min Gud vil høyra meg!
8. Gled deg ikkje over meg, ¬min fiende,for om eg fell, reiser eg meg att.Og sit eg i mørker, ¬er Herren mitt ljos.
9. Herrens vreide må eg berafordi eg har synda mot han,til dess han tek opp mi sakog syter for at eg får rett.Han skal føra meg ut i ljoset,og eg skal sjå hans rettferd.
10. Mine fiendar skal sjå detog raudna av skam,dei som sa til meg:«Kvar er Herren din Gud?»Eg skal fylgja dei med augonår dei vert nedtrakka ¬som avfall i gata.
11. Ein dag skal dei byggja ¬dine murarog gjera dine grenser vide.
12. Den dagen skal dei koma ¬til degfrå Assur og Egyptarland,frå Egypt til Eufrat,frå hav til hav ¬og frå fjell til fjell.
13. Då skal jorda verta ei audnpå grunn av dei som bur der,og det som dei har gjort.
14. Vakta folket ditt ¬med staven din,den flokken ¬som er din eigedom,som ligg åleine i skogenmed grøderike marker ikring.Lat dei få beita ¬i Basan og Gilead,som dei gjorde i gamle dagar.