3. Dei er glupe til å gjera vondt.Hovdingane kjem med krav,og domarane vil ha betaling.Stormannen set fram ¬sine ynske,og så snur dei saka som dei vil.
4. Den beste av dei ¬er som ein klunger,den ærlegaste ¬verre enn ein klungerhekk.Det kjem ein dag ¬for dine vektararnår du skal krevjast ¬til rekneskap.Då vert dei redde og rådlause.
5. Tru ikkje på frenden din,set ikkje lit til venen din!Vakta munnen ¬for henne du tek i famn!
6. For ein son vanvørder far sin,ei dotter set seg opp ¬mot mor si,ei sonekone mot vermor si.Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.
7. Men eg vil speida etter Herren,venta på Gud som frelser meg.Min Gud vil høyra meg!