Mika 7:15-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Lat oss få sjå storverksom då du drog ut or Egypt.

16. Folka skal sjå det ¬og skjemmast,endå så mektige dei er.Dei må leggja handa ¬på munnenog stå med døve øyro.

17. Lat dei slikka støv ¬som ormen,lik dyr som kryp på jorda.Skjelvande skal dei koma ¬frå sine gøymslerfram for Herren vår Gud.Lat dei gripast av redsle ¬og ottast deg!

18. Kven er ein Gud som du,som tek bort skuld ¬og tilgjev brotfor resten av sitt eige folk?Han held ikkje evig fast ¬på vreiden,for han har hug til miskunn.

19. Herren skal atter ¬miskunna ossog trø våre misgjerningar ¬under fot.Du skal kasta ¬alle våre synderned i havsens djup.

Mika 7