Mika 7:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve meg! Det har gått meg såsom når ein haustar ¬inn fruktog driv med ettersanking ¬av druer:Det finst ikkje ei drue å eta,ikkje ein fiken eg har hug på.

2. Det finst ingen from meir ¬i landet,ingen rettvis mellom folk.Alle ligg dei på lur etter blod,kvar ein vil fanga sin neste ¬i garnet.

3. Dei er glupe til å gjera vondt.Hovdingane kjem med krav,og domarane vil ha betaling.Stormannen set fram ¬sine ynske,og så snur dei saka som dei vil.

Mika 7