Mika 6:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Herren har då sagt deg, ¬menneske,kva godt er,og kva han krev av deg:At du skal gjera rett,visa trufast kjærleikog ferdast audmjukt ¬med din Gud.

9. Høyr, Herren ropar til byen!– Å ottast ditt namn ¬er visdom. –Høyr, du ætt og byforsamling!

10. Har den vonde enno i sitt husskattar samla på urett vis,og ein snau, forbanna efa?

11. Kan eg vera rein med urett vektog falske vektlodd i pungen?

12. Rikmennene dine ¬gjer valdsverk,borgarane dine fer med lygn,ei svikefull tunge ¬har dei i munnen.

13. Men eg vil ta til å slå deg,øydeleggja deg ¬for dine synder.

14. Du skal eta og ikkje verta mett,tom skal du kjenna deg.Det du legg til sides, ¬skal du ikkje berga,og det du bergar, ¬gjev eg til sverdet.

15. Du skal så, men ikkje hausta,pressa oliven, men ikkje ¬salva deg med olje,pressa druer, ¬men ikkje drikka vin.

16. Du har fylgt Omris skikkarog bore deg åt som Akabs ætt.Etter deira råd har de vandra.Difor vil eg leggja deg i øydeog gjera borgarane dine ¬til spott,og vanæra over folket mitt ¬må de bera.

Mika 6