Mika 6:3-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Mitt folk, kva har eg gjort deg?Kva har eg trøytta deg med?Gjev meg svar!

4. Eg førte deg opp frå Egyptog løyste deg ut or trælehuset.Eg sette Moses, Aron ¬og Mirjamtil å føra deg.

5. Mitt folk, kom i hug ¬kva planar han hadde,Balak, kongen i Moab,og hugs det svaret han fekkav Bileam, son til Beor,på vegen frå Sjittim til Gilgal,så du kan skjønaHerrens frelsesgjerningar.

6. Kva skal eg ha mednår eg stig fram for Herrenog bøyer meg for Gud ¬i det høge?Skal eg koma til han ¬med brennoffer,bera fram årsgamle kalvar?

7. Bryr Herren seg om verar ¬i tusental,om oljebekker i titusental?Skal eg ofra min fyrstefødde ¬for mitt brot,mi livsfrukt for mi synd?

8. Herren har då sagt deg, ¬menneske,kva godt er,og kva han krev av deg:At du skal gjera rett,visa trufast kjærleikog ferdast audmjukt ¬med din Gud.

9. Høyr, Herren ropar til byen!– Å ottast ditt namn ¬er visdom. –Høyr, du ætt og byforsamling!

10. Har den vonde enno i sitt husskattar samla på urett vis,og ein snau, forbanna efa?

Mika 6