4. Han skal koma med fred. «Når assyrarane kjem inn ¬i landet vårtog stig inn i borgene våre,då reiser vi imot deisju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.
5. Dei skal gjæta Assurs land ¬med sverd,ja, Nimrods land ¬med dregne våpen.» Men han skal frelsa ¬frå assyraranenår dei kjem inn i landet vårtog stig over grensene våre.
6. Mellom mange folk ¬skal Jakobs restvera som dogg frå Herren,som ei regnskur på gras.Dei ventar ikkje ¬på nokon mannog vonar ikkje på menneske.
7. Mellom folkeslaga ¬vert Jakobs rest– midt imellom mange folk –som løva mellom dyra i skogen,som ungløva i saueflokkar.Ho fer fram og trakkar ned,ho riv i hel, og ingen bergar.
8. Lat di hand vera lyftmot dine motstandarar!Må alle dine fiendar rydjast ut!
9. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,vil eg rydja ut hestane dineog gjera stridsvognene dine ¬til inkjes.
10. Byane i landet legg eg i øyde,og alle festningane ¬bryt eg ned.
11. Trolldomsmidla tek eg frå deg,og teikntydarar ¬skal du ikkje lenger ha.
12. Gudebileta dine rydjar eg ut,steinstøttene dine tek eg bort.Du skal ikkje lenger bøya degog tilbe det du sjølv har laga.
13. Asjera-pålane riv eg opp,og byane legg eg i øyde.
14. I vreide og harme tek eg hemnover folkeslag ¬som ikkje vil høyra.