Mika 5:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men du, Betlehem, Efrata,den ringaste ¬mellom ættene i Juda!Frå deg skal eg få meg ¬ein mannsom skal vera herre over Israel.Han har sitt opphav ¬i gamal tid,han er frå eldgamle dagar.

2. Så lèt Gud dei gå ¬sine eigne vegartil dess ho som skal føda, ¬har født.Då kjem resten av brørne hansheim att til Israels søner.

3. Han skal stå og gjæta ¬i Herrens kraft,med makt og mynd ¬frå Herren sin Gud.Og no skal dei sitja trygt,for hans velde ¬når til heimsens endar.

4. Han skal koma med fred. «Når assyrarane kjem inn ¬i landet vårtog stig inn i borgene våre,då reiser vi imot deisju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.

Mika 5