Mika 4:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men alle skal sitja trygt,kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre,og ingen skal skræma dei.For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala.

5. Alle folka ferdast,kvart i sin guds namn;men vi skal evig og alltidferdast i Herren ¬vår Guds namn.

6. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,vil eg samla inn dei haltande,kalla saman dei bortdrivneog dei eg har fare ille med.

7. Dei haltande gjer eg ¬til ein rest,dei bortdrivne ¬til eit mektig folk,og Herren skal vera konge ¬over dei på Sionfrå no og til evig tid.

8. Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug,til deg skal det ein gong koma,det herrevelde du hadde før,kongemakta i Jerusalem.

9. Men no, kvifor skrik du så sårt?Er det ingen konge hjå deg?Er han som rår over deg, ¬komen bortsidan du vrid deg ¬som i fødselsrier?

10. Skrik og vrid deg, Sions dotter,som ei fødande kvinne,for no lyt du bort frå byenog bu i villmarka.Du skal koma til Babel,men der vert du berga.Der vil Herren løysa deg utor handa på fiendane dine.

11. No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg.Dei seier: «Sion er vanæra,vi ser på henne med lyst.»

12. Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankarog skjønar ikkje hans plan:å samla dei ¬som korn på treskjevollen.

Mika 4