Mika 3:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Dei et kjøtet av folket mitt,flår skinnet av ¬og knuser beina deira.Dei breier det ut som i ei gryte,som kjøtet i ein kjel.

4. Når dei så ropar til Herren,svarar han ikkje.Han løyner sitt åsyn for deifor deira vonde åtferd skuld.

5. Så seier Herren ¬om dei profetanesom fører folket mitt vilt,som forkynner fred og lukkeberre dei får noko å tyggja på,men lyser heilag krig mot deisom ikkje gjev dei ¬munnen full:

6. Difor skal det koma over dykkei natt utan synerog mørker utan spådom.Sola skal gå ned for profetaneog dagen svartna ikring dei.

7. Då skal sjåarane ¬verta til skammar,spåmennene stå der ¬med vanære.Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman,for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud.

8. Men eg, eg er full av styrke,av Herrens Ande, ¬av rett og kraft,så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot,til Israel om hans synd.

9. Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt,de styresmenn i Israel,de som styggjest ved rettferdog krøkjer det som er rett,

10. som byggjer Sion ¬med bloddådog Jerusalem med urett!

11. Der dømer hovdingen ¬for betaling,presten tek løn for å læra,og profeten spår for pengar.Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier:«Er ikkje Herren ¬midt imellom oss?Det hender ikkje oss ¬noko vondt.»

Mika 3