8. Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken ikring,klaga som sjakalenog jamra som strutsen.
9. For Juda har fått eit slag,og såret er ulækjande.Det har nått til porten ¬åt mitt folk,heilt til Jerusalem.
10. Fortel ikkje dette i Gat!Hald opp med gråt og skrik!Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!
11. Far nakne og vanæra bort,de som bur i Sjafir!Folket i Sa’ananvågar seg ikkje ut.Klageropa i Bet-Haeselriv grunnen bort under dykk.
12. Korleis kan folket i Marotventa seg noko godt,når ulukke frå Herrenslår ned ved Jerusalems port?
13. Spenn hestane for vogna,de Lakisj-buar!De vart opphav til Sions synd.Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.
14. Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve!Som ein sviktande bekker husa i Aksib ¬for Israels kongar.
15. Endå ein gong ¬sender eg mot dykk,de Maresja-buar,ein som skal leggja dykk ¬under seg.Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad.
16. Klypp deg snau, rak håret avi sorg over borna dine!Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud,for dei er førte bort ifrå deg!