Matteus 9:19-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane fylgde.

20. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans.

21. For ho tenkte: «Kan eg berre få ta i kappa hans, så vert eg frisk.»

22. I det same snudde Jesus seg, og då han såg henne, sa han: «Ver frimodig, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart god att i same stunda.

23. Då Jesus kom heim til synagogeforstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:

24. «Gå ut! Jenta er ikkje død; ho søv.» Dei berre lo åt han.

25. Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.

26. Gjetordet om dette kom ut over alle bygdene der ikring.

27. Då Jesus gjekk derifrå, fylgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!»

28. Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre,» svara dei.

29. Då tok han på augo deira og sa: «Det skal verta som de trur.»

30. Og med ein gong kunne dei sjå. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.»

31. Men dei gjekk ut og fortalde om han i alle bygdene der.

32. Med det same dei var farne, kom det nokre til han med ein mållaus mann, som var forgjord av ei vond ånd.

Matteus 9