34. Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, korkje ved himmelen, for det er Guds kongsstol,
35. eller ved jorda, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen.
36. Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt; for du kan ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart.
37. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
38. De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann.
39. Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til.