7. Men Jesus svara: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8. Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom
9. og sa: «Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.»
10. Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive:Herren din Gud skal du tilbe,han og ingen annan ¬skal du tena.»
11. Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.
12. Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han attende til Galilea.
13. Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum ved Galilea-sjøen, i landet til Sebulon- og Naftali-ættene.