10. Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive:Herren din Gud skal du tilbe,han og ingen annan ¬skal du tena.»
11. Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.
12. Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han attende til Galilea.
13. Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum ved Galilea-sjøen, i landet til Sebulon- og Naftali-ættene.
14. Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
15. Du Sebulons og Naftalis land,som ligg langsmed sjøen,og landet austanfor Jordan,du Galilea, ¬som høyrer heidningar til:
16. Det folket som sat i mørker,har sett eit stort ljos.For dei som bur i dødens ¬skuggeland,har ljoset gått opp.
17. Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er nær!»
18. Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.
19. Han sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»