Matteus 27:55-61 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

55. Det var òg mange kvinner der; dei stod langt unna og såg på. Dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han.

56. Mellom dei var Maria Magdalena, Maria, mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.

57. Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea. Han hadde vorte ein Jesu læresvein.

58. Han gjekk til Pilatus og bad om å få lekamen åt Jesus, og Pilatus baud at han skulle få han.

59. Då tok Josef lekamen, sveipte han i eit reint linklede

60. og la han i den nye grava som han hadde hogge ut til seg i bergveggen. Så velte han ein stor stein attfor inngangen og gjekk.

61. Maria Magdalena og den andre Maria var der; dei sat beint framfor grava.

Matteus 27