Matteus 26:26-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.»

27. Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den!

28. Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.

29. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»

30. Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

31. Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å venda dykk frå meg. For det står skrive: Hyrdingen slår eg, og saueflokken skal spreiast.

32. Men når eg har stått opp att, skal eg fara føre dykk til Galilea.»

33. Peter tok til ords og sa: «Om så alle vender seg frå deg, skal eg aldri gjera det.»

34. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.»

35. Men Peter sa: «Om eg så lyt døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa dei andre læresveinane.

Matteus 26