Matteus 24:37-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

38. Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,

39. og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

40. Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att.

41. To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.

42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset.

44. Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

Matteus 24