28. Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
29. Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt.
30. For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen.
31. Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier:
32. Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.»
33. Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
34. Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde målbunde saddukearane, kom dei saman.
35. Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde:
36. «Meister, kva bod er det største i lova?»
37. Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit.
38. Dette er det største og fyrste bodet.
39. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv.
40. På desse to boda kviler heile lova og profetane.»
41. Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei:
42. «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David,» svara dei.
43. Jesus sa: «Korleis kan då David, driven av Anden, kalla han herre, når han seier:
44. Herren sa til min herre:Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendarunder dine føter.
45. Kallar no David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»
46. Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir.