Matteus 22:16-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du er ærleg og at du i sanning lærer oss Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skil på folk.

17. Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

18. Men Jesus merka vondskapen deira og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve?

19. Vis meg mynten som skatten skal betalast med.» Dei gav han ein denar.

20. «Kven sitt bilete og namn er dette?» spurde han.

21. «Keisarens,» svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.»

22. Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk sin veg.

23. Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

24. «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.

25. No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren.

26. Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju.

Matteus 22