Matteus 21:19-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Han fekk sjå eit fikentre attmed vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.

20. Læresveinane undra seg då dei såg det og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»

21. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de trur og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Men om de seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, så skal det henda.

22. Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få, når de bed med tru.»

23. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen; og medan han lærte folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg fullmakt til det?»

24. Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

25. Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

26. Og svarar vi: Frå menneske, då må vi reddast folket; for alle held Johannes for ein profet.»

27. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

Matteus 21