1. Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem
2. og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.»
3. Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.
4. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd.
5. «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for så står det skrive hjå profeten:
6. Du Betlehem i Juda lander så visst ikkje den ringaste ¬av fyrstane i Juda.Frå deg skal det koma ¬ein hovding,som skal vera hyrding for Israel, ¬folket mitt.»
7. Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg
8. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»