Matteus 14:6-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men då Herodes høgtida årmålsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes tykte så vel om dette

7. at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om.

8. Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet åt døyparen Johannes på eit fat.»

9. Kongen vart ille ved; men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, baud han at ho skulle få det,

10. og han sende folk som skulle halshogga Johannes i fengslet.

11. Så kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til jenta, og ho gjekk til mor si med det.

Matteus 14