Matteus 14:2-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Då sa han til mennene sine: «Det er døyparen Johannes. Han har stått opp frå dei døde; difor er desse kreftene verksame i han.»

3. Herodes hadde teke Johannes og bunde han og kasta han i fengsel. Dette var Herodias skuld i; ho var kona til Filip, bror hans.

4. For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne til kone.»

5. Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; for dei meinte at Johannes var ein profet.

Matteus 14