Matteus 14:17-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» svara dei.

18. Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!»

19. Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brødet og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.

20. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var att, og det vart tolv fulle korger.

21. Dei som hadde ete, var ikring fem tusen menn forutan kvinner og born.

Matteus 14