13. Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein øydestad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk spurt det, og dei kom etter han til fots frå byane.
14. Som han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop. Han tykte hjarteleg synd i dei og lækte dei som var sjuke.
15. Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Det er audt her, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.»
16. «Dei treng ikkje gå herifrå,» sa Jesus, «gjev de dei mat!»
17. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» svara dei.
18. Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!»
19. Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brødet og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.
20. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var att, og det vart tolv fulle korger.