Matteus 12:23-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?»

24. Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.»

25. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg.

26. Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg?

27. Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk.

28. Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.

29. Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans.

30. Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

Matteus 12