Matteus 12:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Så er det då tillate å gjera godt på sabbaten.»

13. Og han sa til mannen: «Rett ut handa!» Han så gjorde, og handa vart god som den andre.

14. Men farisearane gjekk ut og la planar om korleis dei skulle få rudt han or vegen.

15. Då Jesus fekk vita det, drog han derifrå.Mange fylgde han, og han lækte dei alle.

16. Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend.

17. Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

18. Sjå, min tenar ¬som eg har valt ut,han som eg elskar ¬og har hugnad i!Eg vil leggja min Ande på han,og han skal kunngjera ¬for folkeslaga det som rett er.

19. Han skal ikkje tretta ¬og ikkje ropa,og ingen skal høyra hans røyst ¬i gatene.

20. Han skal ikkje bryta ¬eit broste sevog ikkje sløkkja ¬ein rykande veikfør han har ført retten ¬fram til siger.

21. Og til hans namn ¬skal folkeslaga setja si von.

22. Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå.

Matteus 12