Matteus 11:20-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om:

21. «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.

22. Men det seier eg dykk: På domedag skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.

23. Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.

24. Men det seier eg dykk: På domedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»

Matteus 11