18. Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var trulova med Josef; men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn, ved Den Heilage Ande.
19. Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skiljast frå henne så stilt han kunne.
20. Medan han no tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande.
21. Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»