Markus 9:37-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, han tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»

38. Johannes sa til han: «Meister, vi såg at ein mann som ikkje er i lag med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista å hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.»

39. Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For den som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan ikkje så snart tala vondt om meg.

40. Den som ikkje er imot oss, er med oss.

41. Den som gjev dykk eit glas vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.

42. Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.

Markus 9