Markus 9:26-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Då skreik ho høgt, reiv hardt i han og fór ut. Guten låg som livlaus, og mange sa at han var død.

27. Men Jesus tok han i handa og reiste han opp, og han stod opp.

28. Då Jesus var komen i hus, og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»

29. Han svara: «Dette slaget kan ikkje drivast ut med anna enn bøn og faste.»

30. Dei tok ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det,

31. for han heldt på å læra læresveinane sine. Då sa han til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske; dei skal slå han i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»

32. Dei skjøna ikkje dette, men våga ikkje å spørja han.

33. Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de tala om på vegen?»

34. Dei tagde, for på vegen hadde dei tala med kvarandre om kven som var den største.

35. Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Den som vil vera den fyrste, må vera den siste av alle og tenar for alle.»

36. Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei, la armane om det og sa til dei:

37. «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, han tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»

Markus 9