Markus 7:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

17. Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om denne likninga.

18. «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at det som kjem inn i mennesket utanfrå, ikkje kan gjera det ureint?

19. Det kjem då ikkje inn i hjarta, men fer ned i magen og ut att.» Dermed slo han fast at all mat er rein.

20. Og han la til: «Det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint.

21. For innanfrå, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord,

22. ekteskapsbrot, havesykje, vondskap, svik, sedløyse, misunning, spott, hovmod, vitløyse.

23. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»

24. Så tok han ut derifrå og fór til bygdene kring Tyrus. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.

Markus 7