Markus 5:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Det gav han dei lov til. Då fór dei ureine åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.

14. Dei som gjætte svina, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt.

15. Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå den forgjorde sitja der påkledd og med sitt fulle vit, han som hadde hatt alle åndene i seg. Då vart dei redde.

16. Og då dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med den forgjorde og med svina,

17. bad folket Jesus at han måtte dra bort frå bygdene deira.

18. Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde om å få vera med han.

Markus 5