Markus 16:14-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Til sist synte han seg for dei elleve, medan dei sat til bords. Han tala strengt til dei fordi dei var så vantruande og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde dei som hadde sett han etter at han hadde stått opp.

15. Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske!

16. Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd.

17. Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål,

18. dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.»

Markus 16