19. For i dei dagane skal det verta slike trengsler som det aldri har vore sidan Gud i opphavet skapte verda, og som det heller aldri meir skal verta.
20. Og gjorde ikkje Herren den tida kortare, så vart ikkje eit menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort den tida kortare.
21. Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias!» eller: «Sjå der er han», så tru det ikkje!
22. For falske messiasar og falske profetar skal stå fram. Dei skal gjera teikn og under for å føra dei utvalde vilt, om det er råd.
23. Så sjå dykk føre! Eg har sagt dykk alt føreåt.
24. Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos.
25. Stjernene skal falla ned frå himmelen, og kreftene i himmelrømda skal skakast.
26. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom.
27. Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå heimsens fire hjørne, frå ytste enden av jorda til ytste enden av himmelen.
28. Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
29. Like eins når de ser at dette hender, då veit de at han er utfor døra.
30. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.
31. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
32. Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
33. Ver på vakt og vak! For de veit ikkje når tida kjem.
34. Det er som når ein mann skal fara utanlands: Før han fer heimanfrå, set han tenarane sine til å styra for seg. Kvar av dei får sitt å gjera, og til dørvaktaren seier han at han skal vaka.
35. Så vak då! For de veit ikkje kva tid husbonden kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel eller når dagen renn.
36. Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem.
37. Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!