Markus 10:29-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld,

30. utan at han skal få det att hundre gonger: her i tida hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar – men forfylgingar òg – og i den verda som kjem, evig liv.

31. Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste.»

32. Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var ottefulle, og dei som fylgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv ikring seg og tok til å tala med dei om det som skulle henda han:

33. «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden og gje han over til heidningane,

34. og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.»

35. Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.»

36. «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han.

37. Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg, den eine på høgre og den andre på venstre sida di, når du tronar i din herlegdom.»

38. «De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus.»Kan de drikka den skåla som eg drikk, eller ta den dåpen som eg tek?»

39. «Det kan vi,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Den skåla eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg får, skal de få.

40. Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er etla åt.»

41. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på Jakob og Johannes.

42. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som gjeld for fyrstar over folka, er herrar over dei, og stormennene styrer med hard hand.

43. Men såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre.

44. Og den som vil vera den fyrste av dykk, skal vera træl for alle.

45. For Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.»

Markus 10