Malaki 3:3-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Han skal sitja ¬og smelta og reinsa sølvet.Han skal reinsa levittane,reinsa dei som gull og sølv,så dei kan bera fram for Herrenoffergåver på rett vis.

4. Då skal Herren gleda segover offergåvene ¬frå Juda og Jerusalemsom i eldgamle dagar, ¬i framfarne år.

5. Eg kjem til dykk og held dom.Eg skundar meg å vera vitnemot dei som driv ¬med trolldom,mot dei som bryt ekteskapet,mot dei som gjer rang eid,og mot dei som held att løna ¬for leigekaren,er harde med enkjer ¬og farlauseog rengjer retten ¬for innflyttaren,men ikkje har age for meg,seier Herren, Allhærs Gud.

Malaki 3