Malaki 3:10-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Kom med heile tienda ¬til forrådshuset,så det kan finnast mat ¬i mitt hus,og prøv meg på denne måten,seier Herren, Allhærs Gud.Då skal eg opna ¬himmelens lukerog renna ut over dykkvelsigning i rikt mål.

11. Eg vil skræma grashoppene ¬bort frå dykk,så dei ikkje øydelegg grøda ¬på marka;frukta skal ikkje slå feilpå vintrea i hagen,seier Herren, Allhærs Gud.

12. Då skal alle folkeslag ¬prisa dykk sæle,for då har de eit ynskeland,seier Herren, Allhærs Gud.

13. De talar harde ord mot meg, ¬seier Herren.Og likevel spør de:«Kva er det vi har sagt ¬mot deg?»

14. De seier:«Det er fåfengt å dyrka Gud.Kva vinning har vi hattav at vi retta oss etter det ¬han har fastsett,og gjekk botskledde ¬for Herren, Allhærs Gud?

15. Men no vil vi prisa ¬dei frekke sæle,for dei gjer det vonde, ¬men det går dei vel,dei freistar Gud ¬og slepp likevel unna.»

Malaki 3