1. Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt og velde over alle vonde ånder og til å lækja sjukdomar.
2. Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att.
3. Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller skreppe eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar.
4. Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer lenger.
5. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
6. Så tok dei ut og fór ikring frå landsby til landsby og forkynte den glade bodskapen og lækte folk kvar dei kom.
7. Fylkeskongen Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes hadde stått opp frå dei døde,
8. andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att.
9. Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga; kva er så dette for ein som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.
10. Apostlane kom attende og fortalde Jesus alt det dei hadde gjort. Då tok han dei med seg bortover mot ein by som heiter Betsaida; han ville vera åleine med dei.
11. Men folk fekk vita det og fylgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som lækjedom trong.
12. Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her ikring. Der kan dei finna hus og få seg eitkvart å eta. For her er vi på ein øydestad.»