8. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»
9. Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.»
10. Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.
11. Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.
12. Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.
13. Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!»
14. Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!»
15. Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.
16. Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.»
17. Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.