25. Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann kledd i fine klede? Dei som er fint kledde og lever i overflod, held til i kongsgardane.
26. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet.
27. Det er om han dette er skrive:Sjå, eg sender min bodberarføre deg,han skal rydja vegen for deg.
28. Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men jamvel den minste i Guds rike er større enn han.
29. Alt folket lydde på Johannes, tollarane med, og dei gav Gud rett og lét seg døypa av Johannes.
30. Men farisearane og dei lovkunnige vraka Guds plan og lét seg ikkje døypa av han.
31. Menneska i denne ætta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like?
32. Dei er like born som sit på torget og ropar til kvarandre:Vi bles på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song syrgjesongar,men de ville ikkje gråta.
33. For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: «Han er forgjord.»
34. Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: «Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar!
35. Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle hans læresveinar.»
36. Ein av farisearane bad Jesus eta hjå seg. Og han gjekk heim til han og sette seg til bords.