1. Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum.
2. Ein offiser der i byen hadde ein tenar som var så sjuk at det stod om livet. Denne tenaren sette han svært høgt.
3. Då han fekk høyra om Jesus, sende han nokre jødar som sat i byrådet, til han; dei skulle be han koma og berga livet åt tenaren.
4. Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han er vel verd at du gjer dette for han;
5. for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.»