Lukas 5:36-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt kledeplagg og brukar det til bot på eit gamalt. For då vert det nye kledeplagget sundrive, og bota frå det nye høver ikkje på det gamle.

37. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde.

38. Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker.

39. Og ingen som har drukke gamal vin, har hug på ny. Han vil seia at den gamle er best.»

Lukas 5