19. men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han på båra ned beint framfor Jesus.
20. Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.»
21. Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein, som spottar Gud? Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»
22. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?
23. Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå?
24. Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vende han seg til den lame – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
25. Og med ein gong reiste mannen seg midt for augo deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.
26. Då vart dei heilt frå seg av undring alle saman og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting.»
27. Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi; han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Fylg meg!»