Lukas 4:23-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!»

24. Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.

25. Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet.

26. Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet.

27. Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.»

28. Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette.

29. Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor.

30. Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.

31. Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea, og der lærte han folket på sabbaten.

32. Dei var tekne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.

33. I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd. Han sette i og ropa:

34. «Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!»

Lukas 4