Lukas 4:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Fylt av Den Heilage Ande kom Jesus attende frå Jordan. Og Anden førte han ikring i øydemarka,

2. der han vart freista av djevelen i førti dagar. I denne tida åt han ingenting, og då dei førti dagane var til ende, var han svolten.

3. Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal verta til brød.»

4. Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.»

5. Då førte djevelen han høgt opp og synte han alle heimsens rike i ein augneblink

6. og sa: «Eg vil gje deg makt over alt dette og la deg få all denne herlegdomen. For det er lagt i mi hand, og eg gjev det til kven eg vil.

7. Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»

Lukas 4