42. Dei gav han eit stykke steikt fisk,
43. og han tok det og åt medan dei såg på.
44. Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var i lag med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som er skrive om meg i Moselova, hjå profetane og i Salmane.»
45. Så opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna skriftene,
46. og sa til dei: «Så står det skrive: Kristus skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen,
47. og i hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal ta til i Jerusalem.
48. De er vitne om dette.
49. Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert budde med kraft frå det høge.»
50. Så tok han dei med seg ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei.
51. Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen.
52. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei attende til Jerusalem i stor glede.
53. Sidan var dei allstøtt i templet og lova og prisa Gud.